Fritidsbålykker med skadde i 2020
NB! Registrering av hendelser med ulykker er kun hentet fra mediesøk og er dermed ikke en utfyllende liste.
Antatt stad og dato |
Antatt hendingsrekke |
Konsekvensar på person |
Engavågen, 28.08.2020 |
Det vart dramatisk då ein fritidsbåt med fire 16 åringar gjekk på grunn i Meløy. Nødmeldinga kom rett før klokka 21.30 fredag kveld. Alle fire havna i vatnet, etter at den 18 fot store båten grunnstøyte, og tok inn vatn. Dei snarrådige ungdommane fekk likevel varsla AMKsentralen. Dei heldt på å drukne og frykta for liva sine, fortel redningsleiaren som sjølv satt i naudsamtale med dei unge gutane. Dei var i sjokk. Noko som samtalen bar preg av. Samstundes som ulykka var ute, rosar redningsleiaren gutane sin reaksjon. Dei gjorde alt riktig, dei varsla at dei behøvde hjelp. |
4 menn, 16 år |
Trælborgodde, Agder, 20.08.2020
|
Ein fritidsbåt byrja å brenne utanføre Træleborgodde og fekk overtenning. Ein person vart plukka opp av vatnet av handlekraftige båtfolk. Naudetatane rykka ut for å sløkkje og redde mannen. Mannen framstår som uskadd, men han vert sjekka av helsepersonell. Brannen skal ha starta i motorrommet, men er no under kontroll. |
Materielle skader |
Røssvatnet, |
Ein mann ramla i Røssvatnet da han var ute og fiska med båten sin måndag kveld. Han vart berga opp og er frakta til Bodø sykehus. Det var nokre vitne som såg at mannen ramla ut av båten sin. Dei fekk berga han opp. |
Mann, Skadd
|
Skjærhalden, |
Ei kvinne ramla i sjøen og vart påkøyrd av eigen båt. Dette førte til alvorlegeg hovudskader. HRS fekk melding fra nødetatane. Seaking flaug kvinna til sjukehuset.
|
Kvinne, 27 år |
Hamresanden, Kjevik,
|
Personskade i forbindelse med bruk av vannscooter. Person falt av under hopping i bølger fra båt. Personen kjørt til sykehus med mistanke om hoftebrudd eller ut av ledd. |
Mann, Skadd |
Karmsundet,
|
Det var nokre ungdommar som vart vitne til at ein Hydrolift vart teken av ei stor bølge som kom frå tankbåten, i Karmsundet fredag. Passasjeren ramla på golvet og da han kom til seg sjølv att, hadde dei nesten full gass og var på veg mot tankskipet, som låg ved kai. Sjåføren som var bevisstlaus, må ha kome borti gass-spaka da han vart slengt framover. Passasjeren klarte å kome seg fram for å sakke farta, sånn at det berre vart eit lite dunk i tankbåten. Ungdommane fekk ringt til ambulanse og den eine ungdommen fekk tatt seg om bord i ulykkesbåten og køyrt dei til kai på vestsida. |
Mann, Mann, |
Tinnsjøen, |
To personer måtte hoppe i vatnet da båten tok fyr på Tinnsjøen i pinsehelga. Det høyrtes ut som ein kanon som smalt. |
Materielle skader |
Hinderåvåg, |
To menn i 20-årsalderen er skadd etter ei båtulykke natt til laurdag. Dei hadde kollidert med ein stake. Store redningsressursar vart sendt til staden, og to menn i 20-årene ble funnet i eller ved fritidsbåten. Båten flaut framleis og ein av de to i båten hadde brekt eit eller begge beina. Den andre mannen skal ha hatt diverse smerter i kroppen. |
Mann, 20 år |
Sykkylven, |
To menn er innlagt på sjukehuset etter ei vass-scooterulykke på laurdag kveld. Vitne som hadde sett ulykka, drog ut og berga mennene og frakta dei til legevakta. Politiet har ikkje snakka med de, men har sikra blodprøve frå føraren, då det er mistanke om promillekøyring. Politiet vet lite om høve rundt hendinga og dei er usikre på kva som kan ha skjedd med vass-scooteren. |
Mann, 20 år Mann, 30 år |
Rørvik, |
Ein 10 år gammal gut vart frakta til Sjukehuset med luftambulanse etter ei båtulykke ved ein campingplass laurdag kveld. Han har vært ute og køyrd i båt og har mest trulig komme borti en bergvegg. Kordan dette har skjedd er ikkje kjent. Han har blitt skadd i forbindelse med dette, men skadeomfanget er uklart. |
Gut, 10 år |
Storøya, |
Ein båt sto i fri utføre ei Odde samstundes som føraren ordna med fiskeutstyr. Føraren hadde observert ein mindre båt tidlegare med 3 passasjerar i, som «tullekøyrde» på fjorden. Passasjerane var alle under 10 år. Brått køyrde den minste båten med fronten inn i den store båtens høyre side. Ein passasjer på den litle båten vart alvorleg skadd som følge av ulykka. |
Mindreårig, |
Viken, |
Ein person er køyrd til sjukehus, vurdert som kritisk skadd, etter ein gasslekkasje på en seglbåt. Hendingsrekka er per nå noko uklart, men det vert sett i samanheng med eit varmeapparat i båten. |
Mann |
Hyggen, |
Den nå omkomne ramla i vatnet då båten skulle fyrtøyas. I det han kasta ut fenderen, falle han utfor, og ramla i vatnet. Førar av båten hoppa ut i sjøen for å hjelpe kameraten sin, noko han ikkje greidde. Han vart hjelpe opp av vatnet av ein som såg hendinga. Det var ingen av dei som hadde redningsvest på seg når ulykka skjedde. Personen som blei redda, var eiger av båten, han blåste negativt på alkohol. |
Mann, 80 år |
Vesla-Sild, |
Ein fritidsbåt gjekk på grunn natt til søndag. To personar vart frakta til Haukeland universitets sjukehus. Ein mann var bevisstlaus da han blei redda ut av vatnet, opplyser politiet. Han blei erklært død i 08-tida søndag morgon. Kvinna, som varsla om ulykka, skal ha ligge i sjøen og heldt mannens hovud over vatn, mens ho klamra seg til land. Kvinna er ikkje livstruande skadd |
Mann, 48 år |
Solumstrand, |
To personar ramla av vass-skuteren, og begge vart frakta av redningshelikopter til legevakta for undersøking. Det er mistanke om promillekøyring og høg hastigheit. Ein person hadde på seg redningsvest. |
Mann, 20 år Mann, 20 år |
Nord for Stad, |
Ein mann og ein åtte meter lang båt vart melde sakna nord for Stad. Eit redningshelikopter vart vitne til at båten køyrde rett på eit skjer, og at det var flammar som brann inni båten. Mannen hadde tydelege problem i sjøen og var utan redningsvest. Helikopteret henta han opp og frakta han til sjukehuset. Han låg om lag fem minutt i sjøen, ti meter frå fartøyet. |
Mann, 46 år,
|
Nidelva, Trondheim, |
Ein ung mann vart kasta av ein vass-skuter då han svinga brått under ein testtur. Føraren var aleine på skuteren. Han vart frakta til sjukehuset, og det går bra med han. |
Mann,
|