Elevane er 8.- og 9.-klassingar frå heile Austlandet. Kvar enkelt skule har høvet til å følgje eit unikt, pedagogisk opplegg i samband med talentcampen. Opplegget er ein del av den store shippingmessen NorShipping som vert arrangert på Lillestrøm tysdag til fredag denne veka.

Allereie etter første dagen har Sjøfartsdirektoratet hatt stor pågang på standen sin i samband med Ocean Talent Camp på Rådhusplassen i Oslo.

- Det har vore ein flott og hektisk dag med mange vitjande. Ocean Talent Camp er eit veldig bra opplegg som vonleg vil bidra til at fleire vel ein maritim karriereveg, seier Eilif Fjon som er kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet og som sjølv deltek på messa.

På standen til direktoratet vil elevane kunne få informasjon om ulike maritime karrierevegar, og dessutan meir generell informasjon om det som Sjøfartsdirektoratet arbeidar med. Så langt ser det og ut til at quizen til direktoratet med båtførarprøva som tema òg er eit populært innslag, og her har elevane og høve til å vinne ein oppblåsbar flytevest.

Det pedagogiske opplegget (MyWave) har vorte utvikla spesielt for Ocean Talent Camp, og er ein sentral del av besøket for elevane. Dette skal gje ein oppleving som tek utgangspunkt i ståstedet til dei unge. Det pedagogiske opplegget som er tilbode lærarane og dei over 10 500 elevane støttar læreplanen i utdanningsval.