Bilde av sjøfartsdirektøren under åpning av Sjøsikkerhetskonferansen

230 representantar for ulike deler av sjøfartsnæringa er meldt på til årets konferanse på Hotell Maritim, og eit tjuetals foredragshaldarar er samla for å dele sin kompetanse og sine synspunkt.

- Sjøsikkerhetskonferansen er eit samlingssted for folk i maritim næring, og mitt håp for konferansen er at me skal kunne dra nytte av kvarandre sine erfaringar, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen. Han understrekar og at erfaringsutveksling er viktig for å komme ulukkene i forkjøpet.

I sitt åpningsforedrag understreka sjøfartsdirektøren at han håper det ikkje lenger skal være slik at skipsulukker skal vere den viktigaste drivkrafta for nye reguleringar innan skipsfart. Mange ulukker kunne vore forhindra om ein hadde handla før, meinte han.

– Gjennom fokus på sikker drift må me kartlegge risiko og sette i verk nødvendige tiltak før ulukkene skjer, seier Akselsen