Messa er i år flytta til Telenor Arena og Sjøfartsdirektoratet har standplass T 07 for dei som ynskjer ein prat med oss. Her kan du snakke med fagpersonar om båtførerprøva, ICC sertifikat, CE-merking, registrering av fritidsbåt i Skipsregistra og generelt om tryggleik til sjøs. Det vil vere mogleg å delta i ein quiz og vinne fine premiar. Messa er open onsdag 13.-fredag 15.mars kl 11.00-20.00, laurdag 16.-sundag 17. mars frå kl 11.00-18.00.