Den elektroniske skjematjenesta er no utvida med fleire nye elektronisk baserte skjema, der målet er å forenkla og effektivisera søknadsprosessen for norske personlige maritime sertifikat.

I tillegg er det gjort ei forenkling i dei skjema som rederia nyttar i samband med refusjonsordninga for sjøfolk. Dei tidlegare seks forskjellige søknadsskjema er no redusert til eitt.

Den nye elektroniske søknadshandsaminga vil medføra ei stor forenkling for sjøfolka. Når dei tidligare søkte Sjøfartsdirektoratet om personlige sertifikat eller om påteikning, måtte dei sjølv skaffa til veie all nødvendig dokumentasjon, som til dømes helseerklæringar og dokumentasjon på utdanning, fartstid og tilsetjing.

– Når ein sjømann no sender søknad om personlig sertifikat eller påteikning til Sjøfartsdirektoratet skal mesteparten av dei nødvendige opplysningane allereie væra registrerte hos oss. Søkjaren treng difor ikke lenger senda inn attesterte papirkopier av vitnemål, helseerklæring og fartstid per post, sier rådgjevar Marina Glazkova.

Profesjonelle aktørar, som rederi, utdanningsinstitusjonar og sjømannslegar skal no nytta ei ny løysing for innrapportering av stadfesta data som Sjøfartsdirektoratet treng i høve til søknader om personsertifikat.

– Dette systemet vil gje både dei profesjonelle aktørane og private søkjarar betre og raskare service, og ikkje minst ei raskare tilbakemelding på søknaden, sier Glazkova.

Les heile saka i Navigare nummer 3.