Framgangen på lista betyr at stadig færre norske skip holdas tilbake etter inspeksjonar i utanlandsk hamn etter såkalla hamnestatskontroll.

– Dette betyr at det norske flagget som registerflagg har vorte enda betre dei siste åra, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

I Sjøfartsdirektoratets strategiplan for perioden 2012–2015 er eit av delmåla at Noreg skal vere blant dei 10 øvste på kvitelista til Paris MoU innan utgangen av 2015.

27 europeiske land er med i den internasjonale samarbeidsavtala for hamnestatskontroll, som kallas Paris MoU.

– Me er veldig godt nøgd med resultatet på den siste rangeringslista. Sjølv om me nå er innanfor dei ti øvste på lista, slik målet vårt var, kan me ikkje slappe av. Me må heile tida ha fokus på tryggleik – og det er ein jobb reiarar, klasseselskapar og Sjøfartsdirektoratet må gjere saman for å fortsatt bevege oss i ein positiv retning, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen i ein kommentar til plasseringa.

Paris MoUs BGW list (Black, Grey, White list) er ein oversikt frå flagg som anses som kvalitetsflagg (White list) til flagg som anses som såkalla risikoflagg (Black list). Flagg på svartelista har høg prosentandel av tilbakehaldelsar innan Paris Mou-samarbeidet. Flagg på grålista har ein gjennomsnittlig tilbakehaldelsesprosent, medan flagg som er på kvitelista har ein lav prosentandel tilbakehaldelsar og karakteriseras som eit kvalitetsflagg.