Ida Skard
Ekspedisjonssjef Ida Skard i Nærings- og handelsdepartementet signerer Cape Town-avtala i nærvær av IMOs generalsekretær Koji Sekimizu.

Den såkalla «Cape Town- avtalen» er eit stort skritt vidare mot ein global sikrare fiskeflåte og den første internasjonale tryggleiksstandard for fiskebåtar.

Ekspedisjonssjef Ida Skard frå Nærings- og handelsdepartementet signerte avtala på vegne av Noreg. Det skjedde under ein markering 15. juli i London, der FNs sjøfartsorganisasjon IMO held til (International Maritime Organization).

- Noreg er ein viktig pådriver for sjøtryggleik. Nå håper me andre land følgjer etter, slik at me kan auke tryggleiksstandarden internasjonalt, seier statssekretær Trygve Svensson i Nærings- og handelsdepartementet.

Les heile pressemeldingen frå NHD