Riksantikvaren

Fra venstre: Jan Welde, styreleder i Norsk Forening for Fartøyvern, riksantikvar Jørn Holme og sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Sjøfartsdirektoratet har jobba med ny forskrift for verna fartyg ein stund. I møter med Riksantikvaren og Norsk forening for fartøyvern nylig vert det gjort viktige avklaringar som bringer arbeidet framover.

- Me har eit par punkter igjen der me må verte einige, men eg har eit godt håp om å få forskriften ferdig slik at den kan verte sendt på høyring før sommaren, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Eit sentralt punkt i møta mellom direktoratet og dei øvrige partane har vore kva slags begrensingar som skal gjelde for bruk av verna fartyg, som i utgangspunktet ikkje tilfredsstiller moderne tryggleikskrav.

- Me er i ferd med å finne ein løysing som ivaretek tryggleiken om bord, den antikvariske verdien desse fartyga har og samtidig gjer muligheiter til en viss drift slik at eigarane også kan få inn nødvendige inntekter til vedlikehaldet som kreves, seier Akselsen.