-Noreg har i dag den kanskje mest komplette maritime klynga i verden, og mye av dette er lokalisert til vestlandet, opna nærings- og handelsminister Trond Giske sitt innlegg med. Giske viste til omsetningstall for den maritime klynga i Haugesundregionen som eit eksempel på korleis utviklinga har vore i denne bransjen. Dette meiner han er eksempel som synar at det er viktig å satse vidare på regjeringas maritime satsing «Stø kurs». Maritim utdanning, innovasjon, utvikling og forsking vil vere viktige momenter i regjeringas vidare satsing på "Stø kurs". I tillegg gjorde Giske forsamlinga oppmerksame på den positive utviklinga som har vore innan maritim utdanning dei siste åra. -Fleire velger nå maritim utdanning, og dette er noko me må satse på vidare i vår maritime strategi, sa Giske. At han omtala Haugesund som vestlandets maritime hovudstad, med blant anna Sjøfartsdirektoratet og innovative reiarlag som kjerne, falt også i god jord denne tysdagen.