Kurs
Sjøfartsdirektoratets Per Otto Årland svarer på spørsmål fra salen på kurset i Haugesund.

Tidligare i haust innførde Sjøfartsdirektoratet elektronisk søknad om sjømannssertifikater, og erstatta dermed over 50 papirskjemaer med eitt elektronisk skjema. Ordninga har vorte positivt mottatt av den maritime næringa. Denne veka har Sjøfartsdirektoratet gjennomført kurs som har samla meir enn 300 deltakarar på ulike kurstader. Både sjøfolk og reiarlag har delteke.

Østensjø
Jorunn Henriksen og Tore Vidar Jensen i
Østensjø Rederi er fornøyd med løsningen.

- Dei elektroniske søknadsskjemaene er eit klart framskritt i forhold til det gamle, papirbaserte systemet. Når dei vanlege barnesjukdommane er overstått kjem dette til å bli veldig bra, sier Tore Vidar Jensen i Østensjø Rederi. Saman  med kollega Jorunn Henriksen deltok han på informasjonsmøtet på direktoratets hovudkontor i går. Østensjø Rederi har vore kjend med utviklingsprosessen i direktoratet, og har bidratt med brukarkunnskap i utviklinga.

Kursa denne veka er også blitt benytta til å presentere den nye måten bemanningsagentene kan søke om påtegning for utenlandske sjøfolk

Neste veke vert det kurs i Ålesund.