- Det er absolutt hyggeleg å vere her og stå på stand for Sjøfartsdirektoratet, seier Lorna Dyrkolbotn frå Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. – Det er jo her vi treffer båtfolket, sjølvsagt. Men for oss er det òg triveleg å få helse på mange av samarbeidspartnerane våre, folk vi har dagleg kontakt med på telefonen. Det har vore veldig bra besøk på standen, kan Lorna fortelje. – Vi har fått ein bra plass, og det har vore ein jamn straum av vitjande, seier ho. Det folka er mest interessert i er båtførarbeviset og fritidsskippersertifikatet, og dessutan registrering i NOR. - Ja, det har vore eit bra trøkk heile tida, samtykker Bjørn Tore Fasmer frå Skipsregistra. Han meiner det er tydeleg at kunnskapen om registrering har vorte veldig høy dei siste åra. – Vi kan sjå at marknadsføringa vår har gjeve gode resultat.

Sjå bilete frå messa på vår Facebookside: www.facebook.com/sjofartsdir