Oversiktsbilde over messen Sjøen for alle

-Vi er veldig nøgd med responsen frå publikum på årets messe, siar Lorna Mannes Dyrkolbotn som har vore koordinatoren til Sjøfartsdirektoratet under messa.

Blant dei mest populære emna som publikum hadde spørsmål om, så var registrering av fritidsfartyg, båtførarbevis og fritidsskippersertifikat kanskje dei mest etterspurte.

-Det har vore stor interesse for dette med frivillig registrering av fritidsfartyg mellom 7 og 15 meter, seier Tone Olsen Risnes som var ein av dei som deltok frå Sjøfartsdirektoratet si avdelinga for Skipsregistra.

I løpet av båtmessa var det og mogleg å svare på ein liten quiz på direktoratet sin stand. Totalt leverte 236 inn svar på denne, og vart med i trekninga av ein flytevest og to sekkar. Vinnarane vart: Oppblåsbar redningsvest: Anette Skogen, Ryggsekk med innhald: Ronald Davidsen og Pål Henrik Hov.

Sjøfartsdirektoratet gratulerer vinnarane og takkar alle som deltok i konkurransen og alle dei som vitja standen vår under messa.