Det nye kravet til registrering trer i kraft frå 1. februar i år, og gjelder dei som fisker torsk for vidaresal. – Vel man norsk ordinært skipsregister (NOR) som registreringsalternativ, oppnår man ei rekkje fordeler, som for eksempel at eigars rettssikkerhet styrkes og at man kan ta opp lån med pant i båten. Eit eventuelt framtidig sal vil normalt gå lettare sidan alt då ligg til rette for kjøpars finansiering, seier avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Anita Malmedal. Skal du segle til utlandet, kan du be Skipsregisteret utstede eit nasjonalitetsbevis som er svært nyttig å ha ved besøk i utanlandske hamner. Sjøloven setter krav til at eigar av NOR-registrerte båtar må vere norske statsborgarar eller EØS-borgarar. Sjølve båten må være CE-merka om den vart gjort tilgjengelig eller tatt i bruk i EØS-området etter 16. juni 1998. Det er ein eingongsavgift på 2 832 kroner ved registrering i NOR. Utvendige merker til fartøyet er inkludert i prisen. NOR-registeret har ingen årsavgift. Malmedal legger til at når fartøyet først registrert i NOR, er både selgar og kjøpar pliktige til å melde alle endringar i dei registrerte forhold.