Det er tydeleg at mange let seg fascinere av naturen dei opplever når dei er ute og seglar, for det var mange flotte bidrag med natur og dyreliv som motiv. 

Ved utløpa til tidsfristen hadde 65 deltakarar sendt inn heile 368 bilete til fotokonkurransen for sjøfolk 2012. Aldri før har så mange delteke med så mange bilete, og aldri før har det vore så mange nye deltakarar – heile 34 nye namn vart registrert. Ekstra morosamt var det at ein nykommar sikra seg førsteplassen.

Les meir om fotokonkurransen i Navigare nr.1 2013 (last ned som pdf på denne siden)

Sjå bilete frå fotokonkurransen på vår Facebookside (du treng ikkje Facebook-konto for å sjå bileta).