I samband med den overhengande faren for piratangrep utanfor kysten av Somalia og i Det indiske hav, har det sidan 1. juli 2011 vore tillatt med private væpna vakter på norske skip.Sidan reglane kom har over 300 norske skip benytta seg av private væpna vakter.

- Prøveperioden har vist gode resultat, og væpna vakthald har bidratt til redusert fare for angrep av pirater. Det er positivt at regjeringa har gjort ordninga permanent, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Høsten 2012 gjennomførte Nærings- og handelsdepartementet (NHD), i samråd med Justis- og beredskapsdepartementet, ei evaluering av regelverket. Høyringsrunda viste at regelverket fungerar etter si hensikt.

- Moglegheiten til å ha væpna vakter om bord, er eit av fleire virkemiddel mot pirattrussla. Det gir samstundes større tryggleik for mannskapa om bord, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

 

Les og pressemeldinga hjå NHD