Nå er det heile åtte år sidan Sjøfartsdirektoratet fekk nye nettsider, og det var behov for ei oppgradering.
 
– Vi har jobba mykje med å kartleggje behova til kundane våre, og håpar at alle som søker informasjon vil oppleve heimesida som oversiktleg og brukarvenleg. Vi ønsker alltid å forbetre oss og tek gjerne imot innspel dersom de saknar noko, eller opplever at informasjonen ikkje er tydeleg nok formidla, seier nettredaktør Helga Maria Sulen Sund.

Du må registrere deg på nytt for nyheitsbrev

Ved å registrere deg med ei enkel e-postadresse, kan du logge inn og administrere dine abonnement hos oss. Du kan abonnere på nyheiter, rundskriv, høyringar, forskrifter, kunngjeringar, læring av hendingar, sikringsnivå og ulike rapportar.

– Sjølv om vi forstår at det kan vere litt upraktisk å registrere seg på nytt, gir det også fleire fordelar. Med dei nye kategoriane som er introduserte, vil ei ny registrering gjere det enklare for deg å tilpasse dine eigne abonnement. I tillegg vil det bidra til å sikre at vi når deg på riktig e-postadresse, slik at du ikkje går glipp av viktig informasjon, legg nettredaktøren til.

Betre søkemotor og nytt skipssøk

I denne oppgraderinga har vi fjerna mykje gammalt og utdatert innhald på nettsidene, og prøvd å gjere det lettare å finne fram. Du kan no søkje i både forskrifter og rundskriv, og alt i alt er søket på heile nettstaden no forbetra.
Mange av dei som besøkjer nettsida vår ønskjer å søkje etter skip i Skipsregistrene. Vi har difor laga eit nytt og forbetra skipssøk.
 
– Vi gler oss til lanseringa av det nye skipssøket, som blir visuelt mykje tydelegare og lettare å lese, seier seniorrådgjevar i Skipsregistrene, Tone Olsen Risnes.

Ikkje alt er klart til lansering, så i månadane som kjem vil det bli publisert nytt innhald på sidene, så følg med! 

Send oss gjerne ein e-post til info@sdir.no om du har tilbakemelding på dei nye sidene.